Booking & priser
 

Booking og prisar


Booking
Juvet har ikkje online booking, men send ein førespurnad på e-post, så svarer vi deg innan 24 timar.


Kontaktinfo:
Juvet landskapshotell
Alstad, 6210 Valldal

Knut Slinning
Mobil: +47 950 32 010
E-post: knut@juvet.com


Prisar

Hugs at du får noko meir enn berre ei seng når du overnattar på Juvet landskapshotell!

Dobbeltrom med frukost kostar 1650 kroner per person i dobbeltrom. Dersom du ønskjer treretters middag om kvelden, er prisen 600 kroner i tillegg.

Om du reiser åleine, kan du få bu i eit av dei to nye småromma (fuglebura) for same prisen som ein person i dobbeltrom (1650 kroner natta). Dersom to personar deler eit «fuglebur», er prisen 1050,– per person.

Prisane er dei same heile året. For helgane er det berre mogleg å bestille heile helga frå fredag til søndag.


Opningstider

Juvet er stengt frå 1. desember til 17. februar.


Pristilbod
Kontakt oss for pristilbod dersom du er interessert i å arrangere bedriftssamling, bryllaup, ein event eller ein åremålsdag.


Avbestilling
Dersom du ikkje kan kome, vil vi vite det minst to veker før. Avbestiller du seinare enn to veker før, må vi belaste deg med 50 prosent av summen. Dukkar du ikkje opp som avtalt, må du betale heile beløpet.