Hotellet
 

Juvet Landskapshotell

Juvet landskapshotell – eit møte mellom rå norsk natur, kulturhistorie og moderne arkitektur.
 
Det første landskapshotellet i Europa ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal, på ein stupbratt elvebarde innimellom bjørk, osp, furu og kampesteinar som har sett tider kome og tider gå.
 
 
 
I denne vesle grenda Alstad i utkantnoreg møter moderne arkitektur det gamle natur- og kulturlandskapet – og viser at det moderne og nyskapande kan gå hand i hand med lokal byggjeskikk og godt, gammalt handverk.
 
Eineståande rom 
Juvet landskapshotell består av dei ni enkeltståande romma som er spreidde ut i landskapet. Matserveringa går føre seg i den gamle låven.